onsdag, 26 juni, 2024
Mange av dei som har sett Kristinspelet kjenner nok allereie godt til Endre Skjåk. Han har opp gjennom hatt fleire ulike rollar i Kristinspelet. Han er av dei få som har vore med heilt sidan dei fyrste førestillingane i 1999.
– På Kristinspelet har eg vore Arne Gyrdsson, Broder Edvin og Simon Darre. Eg er redd for å stagnere og er difor særs glad for at Kristinspelet i år tør å gjere noko heilt nytt – også når det kjem til karakterane i stykket der vi har prøvd å utforske litt andre sider enn det som har vore vist før.
Endre har heilt sidan 2006 arbeidd frilans innan kultur og teater.
– Eg har fått gjort voldsomt mykje forskjellig, men arbeider mest med lokale amatørteaterlag og barn og ungdom, i tillegg til å lage eigne produksjonar gjennom blant anna Jotunheimen Underholdning. Eg gjer også lydbøker og stemmeoppdrag. Høgdepunktet er eigentleg å få gjere noko nytt – når ein får strekkje seg vidare eller ser andre vekse.
Spelelysta til Endre vakna for fullt gjennom studietida i Trondheim.
– Der vart eg med i studentteateret SIT på Samfundet. Her fekk ein gjere alt mogleg og møtte folk som hadde same interessa og vart blant mine næraste venar. Saman laga vi blant anna UKE-revy – kjempeproduksjonar med 30 forestillinger og rundt 20 000 publikummere. Det vart nok min viktigaste skulegang – kanskje vel så viktig som teaterstudia på NTNU, i tillegg til Kristinspelet.
Og han set framleis pris på å spele i Kristinspelet.
– Eg er av dei heldige som har fått vere med heilt sidan starten. Når eg stadig ynskjer å vende attende er det nok mykje på grunn av folka og miljøet men og fordi vi sit på ein skatt av ei forteljing. Det er trass alt det einaste friluftsspelet i Norge som byggjer på Nobelprismateriale – ei historie som trass i at handlinga er sett til middelalderen kjennes så moderne og relaterbar at ho grip oss like sterkt i dag som då ho var skreve.
Endre tykjer at det gjev ein ekstra autensitet i at Undset skreiv sin fiksjon inn i autentiske rammer.
– Den historiske Jørundstad låg omtrent der Jørundgard ligg no, Simon Darre sin Formo ligg like borti vegen og Ragnfrid er oppdikta dotter av den historiske Ivar unge Gjesling frå Sandbu som framleis tronar i dalsida i Vågå, rett over Selsrusten. Hovudpersonane er sjølvsagt oppdikta men at forteljinga er sett inn i samtida til forfedrene våre gjer at det heile kjennest meir ekte, trass i at det er fiksjon. Det trur eg publikum kjenner på og. Mange kjem for å finne grava til Kristin Lavransdotter på Nord-Sel, ein hundre år gamal romankarakter.
Han meiner at Kristinspelet er ein viktig aktør for nærmiljøet.
– Ein ser at produksjonar som Kristinspelet er svært viktig for mange når det kjem til bulyst og tilflytting til distrikta og er noko vi må ta vare på. Også for å leggje til rette for at det er mogleg å arbeide innan kultur og teater utanom dei store byane.
Du kan kjøpe billettar til førestillingane av Kristinspelet på nettsida til Otta kulturhus.