tirsdag, 26 mars, 2024
Kjersti Dalseide er årets Kristin Lavransdatter i Kristinspelet. Til dagleg jobbar ho som skodespelar ved Det Norske Teatret i Oslo. No gler ho seg til å spele Kristin.
Kjersti kjem frå Ål i Hallingdal og har likt å drive med både song og skodespel sidan ho var lita.
– Eg syns det var spennande å leve meg inn i ulike roller og historier, trur eg. Også var eg heldig og fekk vere med i både kor og på teater på kulturskulen på Ål, der eg er oppvaksen. Eg hadde vel eit ynskje om å bli skodespelar allereie då, men torde ikkje heilt innrømme det for meg sjølv. Eg tenkte det var ein uoppnåeleg draum.
Draumen skulle vise seg å ikkje vere uoppnåeleg. Ho har dei siste åra vore aktuell i fleire produksjonar, og ser fram til å spele Kristin Lavransdatter.
– Det spesielle med å skulle spele Kristin Lavransdatter er at det ein karakter mange har eit forhold til sidan det er eit av hovudverka i norsk litteratur, lesen av generasjonar. Det er ære for meg å få spele henne.
Ho har fleire tidlegare opplevingar med spel.
– Det fyrste spelet eg såg var «Fange-Liv» som vart sett opp i Hallingdal på 90-talet. Eg var vel rundt 8 år og var fullstendig fjetra av opplevinga.
Som vaksen har eg spela Gudrun i «Spelet om Heilag Olav» på Stiklestad og Solveig i «Peer Gynt» på Gålå.
For Kjersti er den lokale forankringa avgjerande.
– Det eg likar så godt med spel er at det er så lokalt forankra og at amatørar, frivillige og alle lokale bidragsytarar er sjølve hjartet i ein kvar spel-produksjon. Så eg forventar å møte masse hyggelege og dyktige folk, være ute i all slags vær, kanskje helse på ein hest eller to, og å ikle meg ull mesteparten av tida.
Ho gler seg til å spele Kristin Lavransdatter i området der handlinga fann stad.
– Når eg tenkjer på Gudbrandsdalen tenkjer eg på dei flotte dialektene som er her, fjella og naturen, og det rike kulturlivet de har. Sidan eg er frå ei fjellbygd sjølv, så det kjennes også litt nært å vere her, sjølv om det er nokon dalstrok imellom. Det gjev ein ekstra dimensjon til det heile at Sigrid Undset har sett for seg denne plassen. Det kjennes som eg kjem nærare både forfattaren og Kristin, på eit vis.
Du kan kjøpe billettar til førestillingane av Kristinspelet på nettsida til Otta kulturhus.