tirsdag, 29 april, 2025
Kristinspelet har lang historie med å ta i bruk lokale krefter, både på og bak scenen. Reidar Svare frå Vågå, busett i Lom, debuterer i år med rolla som Lavrans. For mange er han allereie eit kjend namn. Ikkje berre har han jobba som rektor i kulturskula i Lom, han har også vore organist, vore aktiv medlem i Lomsk og mellom anna vunne spelemannspris med Nye Ringnesin.
Vi spør Reidar kva forhold han har til Kristin Lavransdatter.
Spelet har eg sett før, kanskje så lenge sidan som 2009 Eg kjenner godt til forteljinga, og har blant anna vore med å spelt inn albumet Lavransdotter med Lomsk, som kom ut i 2009. Eg har også sett filmen. Ein fin film, om noko lang.
Hvilke forventninger har du til å ta rollen som Lavrans i Kristinspelet?
Leitande enda på karakteren. Eg er ikkje fagutdanna skodepselar og har eit begrensa register. Eg trur eg må føle meg fram etter ein karakter eg behersker, og kan heller ikkje kopiere tidlegare år. Om eg får lov av regissøren vil eg gjera rolla til mi eiga, men eg må lande ein måte å vera på som Lavrans.
Han tykkjer at det er litt skummelt å skulle ha ei slik rolle.
Som ein amatør er det jo det. men ein må berre hoppe i det. Eg har øyk (hest) i nær relasjon og håpar å få øvd på å ri før spelet byrjer så det ikkje blir eit show i seg sjølv å kome seg opp på øyka. Korleis skal dette bli, spør han med eit smil om munnen.
For folk flest er du kanskje mest kjent som sanger. Får vi høre noko sang på Jørundgard i år?
Det kan vera ei sjanse for det, det tek vi i så fall som ein bonus. Eg får fyrst lære meg replikkane, så tek vi songane etter det.
Vi ser fram til Reidar sin debut i Kristinspelet, og kanskje får vi også høyre ein song eller to? Kjøp billettar til førestillingane av Kristinspelet på nettsida til Otta kulturhus.